Booking / Reservasjon
Under finn du kalender over kortid TIN Campen er booka til større event/arrangement.
TIN CAMP skal vere ein naturleg møteplass for positive opplevingar ute. Området kan nyttast til mykje forskjellig og under finn du oppslag på korleis du skal forholde deg om du vil nytte området. Hugs å ta med deg søpla di slik at området alltid er slik du sjølv ynskjer å kome til det.
Gratis.
Den vanlige, daglige bruken av naturområdet når du er ute på tur, er gratis for alle. Dette er den perfekte samlingsplassen for familien, for vennegjengen eller for å måte andre som er gla i å vere ute. Her er sitteplassar og bålplassar til å grille pølser eller anna spennande du måtte ynskje. Ved eller kol må du hugse å ta med deg.
Enkel overnatting
På TIN Camp kan du overnatte på 5 forskjellige måtar.
-
I gapahuk, 6 stk med min 6 plassar i kvar.
-
Hengekøy
-
Gapahuk i skogen
-
Telt
-
Under open himmel
Uansett korleis du overnattar på TIN Camp, kostar dette kr 100.- pp pr døgn. Betal til Vipps 75456
Event
Med event meiner vi
-
Bursdag eller bryllaup
-
Konsertar
-
Festivalar
-
Firmaevent og teambuilding
Ta kontakt med oss for nærmare avtale og pris. Vi kan og arrangere event for dokke.
Leirskule
TIN Camp er ideell for leirskule i naturen. Ein slik leirskule kan og kombinerast med aktivitetar i Trivselsshagen Bad og idrett. Ta kontakt for nærmare avtale og pris.
Reservasjon av TIN-Camp
Ynskjer du å reservere TIN-CAMP sender du oss ein e-post til: post@trivselsskogen.no
Husk å skrive kven som er ansvarleg og kontaktinformasjon til denne.